/Dette intervjuet er tidligere publisert i bladet Misjonsringen./
– Tusen takk for forbøn, SMR!
– Bønnekortet til SMR var ein svært stor ting for meg då eg skulle ut til India som utsending for Kristen Muslimmisjon i 1985. Der stod namnet mitt i alle år. Dette gav meg frimod og stor forventning til Gud som hadde kalla meg til tenesta. At mitt namn var på Bønnekortet var for meg ein dyrebar skatt! fortel Anne Margrethe Eidesvik (72) frå Bømlo.
Eg hugsar godt kor viktig det var å kontakta Ingeborg Mosand som var min forstanderinne på Menighetssøsterhjemmet då eg tok mi sjukepleiarutdanning der. Eg bad henne om å setja mitt namn på Bønnekortet under India.
Utan tvil betydde det enormt mykje for mitt daglege virke på Misjonsstasjonen at SMR sine medlemmar bad for meg. Det hjelpte meg til å møta store og små utfordringar – utfordringar som kunne gjera at eg opplevde meg sjølv som heilt hjelpelaus, mislukka, mismodig og redd. Då trur eg Herren minna nokon om å be for meg langt der oppe i Norge, og eg fekk nytt mot og mannskap, fekk sjå så t y d e l e g at Gud er Knuteløysaren. Han gav meg utrusting til å vurdera situasjonar og ta avgjerder dag etter dag. Mange som brukte bønnekortet skreiv oppmuntrande brev til meg, og gruppene sende ofte julehelsingar som blei til rik velsigning for meg.
Solveig Yndestad frå Bergen var ei av dei eg lærte å kjenna gjennom Sjukepleiernes Misjonsring. Ho var den som Gud brukte til å leia meg inn i Kristen Muslimmisjon (nå: Lys over Land). Hennar interesse for alt og alle i Sajinipara, bøneengasjement og trufast brevskriving gjorde sterkt inntrykk på meg i alle år. Trur ho måtte vera utnemnt av Herren til å stå ved sida mi – ein kjempeinspirasjon! fortel Anne Margrethe Eidesvik. I tillegg til sjukepleierutdanninga på Menighetssøsterhjemmet har ho Bachelor frå New York University og Master i Primærhelseteneste frå University of Rochester, USA.
Ber dag og natt
– Kva slags forhold har du til bøn?
– Bøn er for meg ein livsstil som er integrert i heile meg. Eit tett og trygt fellesskap med Herren kontinuerleg. Gud talar til meg, viser meg vegen eg skal gå, og eg deler alt med han.
Herren legg på mitt hjarte mange og mangt han vil eg skal be for, så eg er ein lukkeleg og takksam forbedar, seier Anne Margrethe.
– Kan du fortelje ei historie kor du er sikker på at du fekk svar på bøn?
– Eg kan fortelje om den gongen Gud helbreda meg då eg var skikkeleg sjuk over lang tid.
Sjukdommen arta seg slik at eg fekk dundrande hovudpine kvar natt. Vidare blei høgre auga angripe slik at eg ikkje kunne opna det samtidig som eg heller ikkje kunne sjå tydeleg på det andre auga. Eg blei svimmel og mista balansen. Forstod då at eg måtte koma meg heim til Norge, men fyrst måtte eg til Kolkata for å ordna med returvisum til India, og få meg billett. Eg fekk med meg ein lærar frå skulen vår. Vi kom oss på det svært så primitive natt-toget, og til Kolkata bar det.
I Kolkata fekk eg kjøpt tur-retur-billett. Ordna seg med returvisum gjorde det og. Sjuk som eg var kom me oss attende til Sajinipara, der ting skulle ordnast med dei av staben som skulle ha ansvar for arbeidet medan eg var heime, og for å pakka kofferten for heimreise.
Den kraft og det mot som Herren gav meg desse få dagane kan ikkje beskrivast. Alt la seg til rette, og på ein-to-tre så tok Gajål, læraren, og meg fatt på ei ny natt med tog- reise til Kolkata, og på heimveg var eg.
Indisk lege i Norge
I dei dagar måtte eg heilt til Kolkata for å ringa heim til Norge. Kolkata var 165 kilometer borte, og det tok ti timar med tog for å koma dit. Eg fekk ringt til bror min kor eg fortalde om dårleg helsetilstand. Eg hugsa at eg brast i hulkegråt då eg snakka med han. Gråt gjorde bror min og. I slike tider er det Vår Gode Hyrde som ber oss på skuldrene sine.
Bror min skulle kontakta Dr Joy Bonarjee, ein bekjent av meg som voks opp i India, men som då var tilsett ved Sentralsjukehuset i Stavanger som lege. Håpet var at han kunne leggja meg inn på sjukehuset i Stavanger etter at eg landa på Sola. Bror min var komen til Sola frå Bømlo då eg landa der, og han køyrde meg til sjukehuset der eg blei innlagt.
Utredning foregjekk dei neste dagane utan at legane kunne gje meg nokon diagnose, men like sjuk og hjelpelaus var eg. Etter to veker blei eg utskreven. Utover sumaren blei det to nye sjukehusopphald på Stord Sjukehus og til sist blei eg overflytta til Haukeland Sjukehus. Heller ikkje der fekk eg hjelp. Då eg skulle utskrivast, ropte eg til Gud i mi naud endå meir intenst enn tidlegare. Blei leia til orda i Jesaja 58:11 kor det står så vakkert: «Herren skal alltid leia deg og metta sjela di i det tørre landet. Han skal styrkja kroppen din så du blir som ein vassrik hage, ei kjelde der vatnet aldri sviktar.» TUSEN, TUSEN TAKK MIN FAR I HIMMELEN! Sterke og så tydelege løfte. Eg skreiv verset ned på ein lapp og la lappen i bukselomma. Deretter tok eg taxi til vener av meg som var med i ei cellegruppe under menigheta Levande Ord.
– All sjukdom blei borte!
Eg bad om forbøn. Venene mine samla venene sine og ei mektig forbønshandling med handspålegging tok plass. Dei tok bøneoppdraget så alvorleg. Svært så trusstyrkande var det og at leiaren i gruppa fekk nett det same bibelverset som det eg hadde fått litt tidlegare. Forventninga til Herren var stor. Cellegruppesamlinga foregjekk om kvelden medan eg låg heilt medtatt på sofaen i entreen.
Neste morgon bar det med hurtiggåande båt til Stavanger der eg var innkalt til undersøking ved ØreNeseHals-avdelinga. Heim til Bømlo bar det igjen med hurtiggåande båt der bror min stod på kaien og tok i mot meg og køyrde meg heim til mor mi der eg budde.
Mor mi og bror min var til stades då eg blei reist opp frå stolen eg sat i, og all sjukdom blei borte. Eg visste det og eg kjende det! Tida var komen for Underets Gud til å gripa inn, og det blei stor jubel og glede i stova.
Bibelverset frå Salme 31:25 «Ver modige og sterke, alle de som ventar på Herren» har vore, og er, svært nyttig for meg på livsvegen.
Neste dag fekk eg ordna med returbiletten min til India og tenk – innan ei veke var eg tilbake på misjonsstasjonen min. Sidan har eg fått vore frisk. Forbedarar – tusen takk for trufast bøneomsorg. Det har betydd så enormt mykje for meg!!!!!!